OVERNATTING

Her kan du sove godt!

Rytne er eit langhus, det vil seie at alle husa på garden vart bygd tett inntil kvarandre. Totalt 14 senger er fordelt på fire familierom og to hemsar. Romma ligg altså i fire hus kalla Matboden, Kleboden, Langhuset og Eldhuset. Her finst også to bad med dusj og toalett.

Bad med utsikt

Badestampen nedanfor huset er vedfyrt og har plass til rundt ti personar. I det varme vatnet kan ein løyse opp alle slags spenningar, både sommar og vinter, og ikkje minst nyte vestnorsk utsikt, natur og vær på sitt beste!

Prisar

Overnatting dobbeltrom kr 900,-

Overnatting enkeltrom kr 500,-

Leige weekend: kr 4500,-, tillegg for sengetøy kr 100,-/seng

Leige uke: kr 7500,-, tillegg for sengetøy kr 100,-/seng