Storehesten Opp

Laurdag 28.juni går motbakkeløpet Storehesten Opp, her i Bygstad! Dette er eit motbakkeløp som blir arrangert for 9. gang  i år.

Du kan gå stien heilt til topps i eige tempo, eller bli tatt tida på både i mosjonsklasse og konkurranseklasse. For påmelding gå til www.storehestenopp.no. Kom og bli med glade turgåarar, både store og små!

 

images

 

Velkommen!

Velkommen til Rytne gard!

Vi tilbyr:
  • overnatting i historiske omgjevnader
  • naturopplevingar i fjella og på fjorden
  • matservering etter ynskje
  • utandørs badestamp – heile året
Rytne har ei lang historie og var opprinneleg ein øydegard – rydda etter svartedauden. Husa er i dag restaurerte, og dei eldste er fra 1600-talet. Vi har ynskja å ta vare på det spesielle gardsmiljøet med si historiske atmosfære. Her vil du finne ro, kunne stresse ned og la omgjevnadene gje deg ei heilt spesiell oppleving.
Når du bur på Rytne kan du blant anna fiske i fjord og ferskvatn, vandre i fjella, ri på hest, sykle, padle kajakk eller klatre.